28/05/2026
🎉5 ÅR🥳
Tenk, i juni er det fem år sidan eg opna fotostudio. Det gjorde eg fordi eg hadde veldig lyst, og valte å ta ein sjanse!
På desse fem åra har eg fått fotografere familiar frå fjern og nær, bryllaup, barn, band og mykje meir. Oppdraga har tatt meg rundt om i Noreg, gitt meg mange nye bekjentskap og lært meg mykje om både folk, natur og fotografi.
Noko av det eg set mest pris på i jobben som fotograf er variasjonen og friheten i kvardagen. Når ein skal drive ei slik verksemd, er det avgjerande å ha ein motivasjon og lidenskap i botnen. Alle dei kjekke menneska eg får møte, og nye, spennande opplevingar er med på å halde denne driven i gang.
No gler eg meg veldig til ein sommar og haust med enda fleire fotograferingar og å ferdigstille dei fine bileta vi skal ta!
Tusen hjartleg takk til alle som har vore framfor kameraet mitt desse åra. Dokke er grunnen til at Dagny Sunde Foto er det det har blitt!