Fotograf Ingerid Jordal

Klar for innrykk av fotoelevar på Voss FHS Fotografi & Kortfilm Voss Folkehøgskule
21/08/2026

Klar for innrykk av fotoelevar på Voss FHS Fotografi & Kortfilm
Voss Folkehøgskule

Fotolærar Jordal til teneste. Det neste året underviser eg i foto og kortfilm på Voss folkehøgskule. Leif (7) diggar den...
13/08/2026

Fotolærar Jordal til teneste. Det neste året underviser eg i foto og kortfilm på Voss folkehøgskule. Leif (7) diggar den nye hettegensaren min, eg diggar å ha nøkkel til eit mørkerom. No ser eg veldig fram til å treffa elevane og sjå kva vi kan få til ilag.
Mogleg eg rebrander til Noregs Ærligaste Fotolærar om dette går bra. Og det gjør det jo fort 😎

Kva ville du likt å læra om dersom du var elev i fotografi?



Takk for tilliten Voss Folkehøgskule Voss FHS Fotografi & Kortfilm
Takk for foto

Frå Finse til Krossdalen via Helvetesgjelet og Sysenvatnet. Ingen sulta, mykje smelta. Takk for turen,  og takk Kims, Tr...
22/07/2026

Frå Finse til Krossdalen via Helvetesgjelet og Sysenvatnet. Ingen sulta, mykje smelta. Takk for turen, og takk Kims, Trolli, Japp og Tine Smør for stønad på turen.

Kom og få saltstenger! Det er i alle fall sånn eg lokkar Leif (7) med meg på kunstutstilling. Saltstengene er å få i høv...
19/06/2026

Kom og få saltstenger!

Det er i alle fall sånn eg lokkar Leif (7) med meg på kunstutstilling. Saltstengene er å få i høve ei utstilling i regi av der eg viser nokre nye verk frå She Hunts. Bileta heng i godt selskap, med bl.a. Sanita Balode og mange fleire kunstnarar med lokal tilknyting.
Kunsten kan skuast og saltstengene kan nytast på Voss kulturhus laurdag kl 14. Trur det er noe drikkandes der og.





PS: aldri plasser laservater sånn her. Det straffar seg.

Sommarkurset mitt for kunstnarar blir dessverre ikkje gjennomført i år. Send meg ein DM om du vil ha beskjed når nytt ku...
19/06/2026

Sommarkurset mitt for kunstnarar blir dessverre ikkje gjennomført i år. Send meg ein DM om du vil ha beskjed når nytt kurs blir satt opp til hausten.
Dette er første gang eg avlyser eit kurs, og det føles ikkje bra. Merker godt at motløysa og nedgangstidene som har prega det frie feltet dei siste åra, ikkje akkurat motiverer folk til å ta kurs. Det er synd, men og ganske logisk. For kem våger vel å satsa som kunstnar i desse tider?

Eg kjem sterkare tilbake neste gang 🌸


Kva skal bildet heite?Dette fotografiet frå serien She Hunts har fått vera med på salong-utstilling i Oslo. Takk for meg...
14/06/2026

Kva skal bildet heite?

Dette fotografiet frå serien She Hunts har fått vera med på salong-utstilling i Oslo. Takk for meg,
Og takk for bilde og besøk, og alle dykk andre eg traff på!

Dette verket har ingen tittel, og er det einaste i She Hunts-serien eg aldri har greid å setja navn på. Det er så mykje i dette bildet allereie, at ein tittel har vore vanskelig. Det har vorte tolka som eit innlegg i abort-saken, skrekkfilm og sjølportrett. Det er ingen av delane, men eg likar at bilder blir lest så ulikt. Nokre titlar kan begrensa tolkninga. Så eg har latt det få vera Utan tittel. Har du eit forslag?

Dette verket finnes i 10 eksemplarer, og det kan selges med ramme. Gje meg ein lyd om du er hypp på eit kunstverk som startar samtalar.

Og kom gjerne med navneforslag!


Vårens stipenddebatt har lært meg tre ting:1: Kunstnarmiljøet ønsker ikkje offentleg debatt. Å kritisera er illojalt.2: ...
09/06/2026

Vårens stipenddebatt har lært meg tre ting:

1: Kunstnarmiljøet ønsker ikkje offentleg debatt. Å kritisera er illojalt.

2: "Alle" er einige om at dagens ordning er best.

3: Er du likevel ueinig, har du åpenbart misforstått noko. For dagens ordning er jo best.

På fredag tar eg dette bildet med til Oslo og henger det opp på  ⭐️ Kom du og, då vel. Lav terskel, høg trivnad. Lover å...
01/06/2026

På fredag tar eg dette bildet med til Oslo og henger det opp på ⭐️
Kom du og, då vel. Lav terskel, høg trivnad. Lover å ikkje kjefta på folk med stipend. 😇


26/05/2026

Dine greier ut i verden? Det fikser vi. Send meg ein DM.

Adresse

Vossevangen

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fotograf Ingerid Jordal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fotograf Ingerid Jordal:

Snarveier

Del

Type