Jan Rabben Naturfotograf

Jan Rabben Naturfotograf Frilans naturfotograf og forfattar. Har gitt ut 12 bøker, hovudsakleg med naturtema. Viser bilete o

Ja, så er boka ute! Eg distribuerer sjølv og tek til å få lange armar; bøker er tunge. Det blir mykje frakt til bokhandl...
21/10/2023

Ja, så er boka ute! Eg distribuerer sjølv og tek til å få lange armar; bøker er tunge. Det blir mykje frakt til bokhandlar pluss presentering og foredrag framover. Boka kan m.a. kjøpast hos Naturogfritid.no, der kan ein også «bla» i nokre av sidene. Det er også heilt ok å bestille hos meg direkte, helst på e-post ([email protected]). Prisen er den same: kr. 439,-, som også er butikkprisen. Det er berre å vippse, og så betaler eg portoen.

Det er sju år sidan sist, men no blir det ny bok igjen. Omslaget blei klarert for trykking i går, innmaten på 288 sider ...
09/09/2023

Det er sju år sidan sist, men no blir det ny bok igjen. Omslaget blei klarert for trykking i går, innmaten på 288 sider på torsdag. Kva boka handlar om skulle gå fram av tittel og bakside, men eg kan nemne at 94 prosent av bileta er tekne mindre enn 100 meter frå huset. Så boka er ikkje berre kortreist, ho er ureist – og viser kor mykje ein kan oppleve i nærnaturen. Eg er lova ferdig bok ca. 10. oktober.

Raudstrupa får vere julefuglen i år. Ho er på plass på fôringsplassen, stillfarande og forsiktig som alltid. Eg ønskjer ...
23/12/2019

Raudstrupa får vere julefuglen i år. Ho er på plass på fôringsplassen, stillfarande og forsiktig som alltid. Eg ønskjer alle ei god jul og eit godt nyttår!

I går henta eg heim eit kamera som har stått i 14 dagar ved ei hjortegrop; det er vel rettast å kalle det ei badegrop. M...
28/10/2019

I går henta eg heim eit kamera som har stått i 14 dagar ved ei hjortegrop; det er vel rettast å kalle det ei badegrop. Mykje hadde skjedd i mørke, men sanneleg hadde det vore dyr på besøk midt på lyse dagen også! Nikon D700 med ein 45 år gammal 35 mm f/2,0 på blendar 4, 1/500 sek., 3200 ISO. Lydisolert, vasstett, kamuflert, heimlaga kasse. Rørslesensor.

Det har gått nokre dagar sidan eg la ut biletet av kattugla bak løa og skreiv at det nok var like før ungane hoppa ut av...
08/06/2019

Det har gått nokre dagar sidan eg la ut biletet av kattugla bak løa og skreiv at det nok var like før ungane hoppa ut av kassa. Det skjedde same kveld/natt, 23. mai. Sidan har eg følgt med dei to ungane og stort sett funne dei kvar dag. For det meste har dei sete i høge furutoppar. Og dei er for lengst flygedyktige. I dag tidleg fann eg dei for første gong sitjande tett saman, i toppen av den same gamle tørrfurua som mora sat i på det første biletet eg la ut.

Det er stadig trastespetakkel i skogen bak løa; trastane veit kven som bur i kattuglekassa på løeveggen og må med jamne ...
23/05/2019

Det er stadig trastespetakkel i skogen bak løa; trastane veit kven som bur i kattuglekassa på løeveggen og må med jamne mellomrom bortom for å skjenne litt. Ungane var oppe i opningen i går, det er nok like før dei hoppar ut. Uglemor følgjer nøye med og sit i nærleiken heile dagen. I dag tidleg fekk eg dette biletet av henne.

Takk for gode tilbakemeldingar! Ønskjer alle som er innom sida, ei god jul og eit godt nyttår!
23/12/2018

Takk for gode tilbakemeldingar! Ønskjer alle som er innom sida, ei god jul og eit godt nyttår!

I 20 år har nøttekråka gjort narr av meg og sendt ut dei skurrande ropa sine frå himmelhøge grantoppar rundt huset – om ...
20/12/2018

I 20 år har nøttekråka gjort narr av meg og sendt ut dei skurrande ropa sine frå himmelhøge grantoppar rundt huset – om ikkje kvar dag, så svært ofte, til alle årstider. På ettersommaren er dei fleire; då er nok ungane med. Kanskje er dette det einaste paret på øya. I alle desse åra har eg hatt fôringsplass i skogkanten, men nøttekråka har motstått alle freistingar. Heilt til no i vår; då kom både hann og hoe ned på bakken. Eg kjøpte eit par kassar med hasselnøtter på billegsal etter jula i fjor og la ut små haugar i skogkanten, langt frå fôringsplassen. Ekorna gjekk jo berserk, men sanneleg var også nøttekråka frampå. Det måtte overnatting i kamuflasje til for å få bilete, sky som desse fuglane er. No får dei dagleg servert fire-fem nøtter på eit lite brett på ein ekornfri påle (ekornet får klare seg med solsikkefrø), og dei har godtatt at eg gradvis har flytta brettet nærare huset og fôringsplassen. Faktisk kjem dei ned og tek nøtter når eg står berre 50–60 meter unna.

29/11/2018

Hadde nesten gløymt at eg har ei facebookside, på tide å finne fram nokre knips igjen. Etter nokre fantastiske dagar der alt var dekt av rim, var det slutt i går. Det var framleis minusgradar, men ein svak vindtrekk hadde fjerna alt som var av rimnåler over natta, unnateke heilt nede ved bakken. Her er eit minne frå tysdag; dette er blad på vintereik. At blada heng på i november, er ikkje nok til å skilje vintereik og sommareik; blada kan sitje på hos begge. Men sjølv om det ikkje viser på biletet, har desse blada ein ca. 1 cm lang bladstilk. Hos sommareika sit blada rett på kvisten.

I går hadde eg eit par timar ved fôringsplassen i skogkanten og prøvde på fluktbilete igjen. Som vanleg var det svært sj...
21/03/2018

I går hadde eg eit par timar ved fôringsplassen i skogkanten og prøvde på fluktbilete igjen. Som vanleg var det svært sjeldan ein heil fugl med på bileta, i alle fall ikkje i fokus, men eg fekk nokre vellykka knips av kjøtmeis og eit par av toppmeis. Så kom ein raudstrupe og ville ha litt av feittblandinga mi. Den er lite frampå i meisetrafikken, så det er ikkje mange forsøka eg har fått. I går fekk eg to. Og sanneleg klaffa det. Raudstrupen er ein av favorittfuglane mine, så det var ekstra stas å få desse bileta.

Har jobba litt med å få fluktbilete av småfuglane på fôringsplassen i det siste. Det blir mykje sletting, for å seie det...
05/03/2018

Har jobba litt med å få fluktbilete av småfuglane på fôringsplassen i det siste. Det blir mykje sletting, for å seie det mildt. Dei er utruleg raske. Her er tre knips frå i går og i dag.

Røyskatt på Stord er ikkje eit daglegdags syn. Etter å ha budd her sidan 1991 er dette andre gong eg ser han. Her tittar...
24/02/2018

Røyskatt på Stord er ikkje eit daglegdags syn. Etter å ha budd her sidan 1991 er dette andre gong eg ser han. Her tittar han ut frå ei falleferdig løe. I håp om å få sjå han igjen har eg lagt ut nokre godbitar i løemuren, litt karbonadedeig og kyllingkjøt. Så får vi sjå om han dukkar opp igjen.

Adresse

Stord Island
5412

Telefon

+4792055302

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jan Rabben Naturfotograf legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Jan Rabben Naturfotograf:

Del

Type