Studio Katrine fotografi

Studio Katrine fotografi Fotograf i Hardanger, Norge
Katrine Helgheim Van Tulder
FjordMoods AS

❤️ Julia ❤️
03/08/2026

❤️ Julia ❤️

Ragnhild ❤ Tov9. mai 2026Det hender faktisk at det regnar på Hardingasete. Bryllaup blir magisk likevel. Det vart ein go...
02/08/2026

Ragnhild ❤ Tov
9. mai 2026

Det hender faktisk at det regnar på Hardingasete.
Bryllaup blir magisk likevel.

Det vart ein god dose vind i håret og regn i sløret då Ragnhild og Tov gifta seg, men det tyder vel berre ekstra mykje hell og lukke for åra som kjem? 🍀

Susanne  ❤ Jens27. juni 2026Tenk å gifta seg på Geilo i femogtjue grader, og å ha bryllaupsfest på Halne i strålande sol...
29/07/2026

Susanne ❤ Jens
27. juni 2026

Tenk å gifta seg på Geilo i femogtjue grader, og å ha bryllaupsfest på Halne i strålande sol og med gradestokken godt over tjuegradersmerket! ☀️

Fønvinden tok med seg sløret til Susanne to gonger, men Jens berga det elegant både frå kronglete kratt og friskt fjellvatn.

Kvelden baud på fine talar, god mat og ordentleg feststemning på Halne Fjellstugu – og ein kjapp fotoseanse då sola gjekk ned.

Bryllaup på Hardangervidda der, altså! 😍

Frida ❤ Jørgen 4. juli 2026For ein dag, for nokre menneske, for eit vêr, for ein stad og for ein fest! 🔥Sola kika fram i...
27/07/2026

Frida ❤ Jørgen
4. juli 2026

For ein dag, for nokre menneske, for eit vêr, for ein stad og for ein fest! 🔥

Sola kika fram idet Frida og Jørgen sa ja til kvarandre på bryggekanten. Mor til brura hadde laga fargerike blomebukettar til å verta hoppande glad av. Ulrik passa godt på ringane til mamma og pappa, og overrekte dei med g***s. Det var latter og gråt om ein annan frå morgon til kveld. Då Eleanor kom rullande inn på tunet – bestilt i all hemmelegheit av Frida – vart brudgommen aldeles mållaus.
Med fine folk og magisk mat var heile Hardingasete fylt av kjærleik.

Bryllaup, altså. 🫠

❤️ Nora & Marie 1 år ❤️
20/05/2026

❤️ Nora & Marie 1 år ❤️

Førre helg var eg festivalfotograf på Hardanger Bryggeri sin Ølfest Hardanger – den fyrste i sitt slag i Øystese. 🍻Det e...
05/05/2026

Førre helg var eg festivalfotograf på Hardanger Bryggeri sin Ølfest Hardanger – den fyrste i sitt slag i Øystese. 🍻

Det er ikkje kvar dag bygdefolk og tilreisande samlast for å drikka øl i hagen til Hardangerfjord Hotel allereie klokka eitt om dagen, og det er i alle fall ikkje kvar dag at dei får både snø, regn og strålande solskin i glaset i løpet av ti minutt. ☀️🌧️🌨️

Med eit rikt utval drikke frå både 7 Fjell Bryggeri, Tøsse Brygghus og Hardanger Bryggeri var det ingen som måtte å ha det same i glaset to gonger.

Ølfesten gav ikkje berre flytande påfyll. Øvreviken Pizzeria og hotellet serverte mat til festivalgjengarane i hotellhagen. Då kvelden kom, spela Mia Berg og Døssi konsertar i Skummesalen.

Det heile var så fint at arrangørane siktar mot ny festival i 2027. 💥

Eg fotograferer konfirmantar på sjølve konfirmasjonsdagen, eller ein annan dag som passar betre for hovudpersonen og fam...
27/04/2026

Eg fotograferer konfirmantar på sjølve konfirmasjonsdagen, eller ein annan dag som passar betre for hovudpersonen og familien.

Her nokre glimt frå då eg fotograferte konfirmanten Melina i Fitjadalen i fjor.
Ikkje på konfirmasjonsdagen, men ein fin torsdag ettermiddag! ❤

Meir om konfirmantfotografering her: https://www.studiokatrine.no/konfirmantfotografering

Konfirmasjonssesongen er i gang, og eg tek med glede imot konfirmantar til fotografering – anten på sjølve konfirmasjons...
26/04/2026

Konfirmasjonssesongen er i gang, og eg tek med glede imot konfirmantar til fotografering – anten på sjølve konfirmasjonsdagen, eller ein annan dag! 🤗
Eg garanterer uansett låge skuldrar og ei fin oppleving.
Ta gjerne kontakt for bestilling! 😊

Her eit glimt frå i fjor av konfirmanten Ingrid. 🌱☀️❤

🤎 Alfred 🤎
02/04/2026

🤎 Alfred 🤎

❤️ Alfred ❤️
31/03/2026

❤️ Alfred ❤️

Adresse

Fyksesundvegen 743
Steinstø
5612

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Studio Katrine fotografi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Studio Katrine fotografi:

Snarveier

Del

Type