02/06/2026
PORTRETTLYS GATELANGS - nyttig fotokurs den 9/6 for den som vil lære seg å bruke lyset på beste måte!
Her er nokre bilete frå mitt tilsvarande fotokurs i april. Ei fin og entusiastisk gruppe deltok på kurset og vi fekk til mange god bilete.
Målet var som vanleg å lære seg å "sjå lyset, forstå lyset og bruke lyset" - det eksisterande lyset.
Altså ikkje lov å benytte lysremedi av noko slag, som blits, refleksskjerm og denslags. Her er det omgivelsane, og kun dei, som formar lyset. Her er det husveggar med solstreif på som fungerar som refleksskjermar, eller husveggar som skjermar for den lyse himmelen slik at himmelflekken mellom bygningane framstår som den dominerande lyskjelda, nett som ein softboks i eit fotostudio. Eller kunstige lyskjelder av ulikt slag etter at det har blitt mørkt. Det handlar rett og slett om å posisjonere seg i omgivelsane!
Alle desse fire bileta er tekne i eksisterande lys, dei to første i naturleg lys og dei to siste i kunstig lys.
Altså, nytt kurs av same typen den 9/6.
Detaljert kursinformasjon:
https://www.fotograf-skaare.no/.../portrettlys-gatelangs-2/
Alle kurs / All Courses: http://www.fotograf-skaare.no/fotokurs/
[email protected] / 924 33 500
© www.fotograf-skaare.no 2026 - all rights reserved!