Fotograf Line Hårklau

Fotograf Line Hårklau Photojournalist from Jølster, Norway. Currently living in Oslo. Work both with still photography an

RESTEFEST!Eg har eit lite lager med trykk etter utstilling, som eg sel med 40 % rabatt. Bruk koden JUL2025 for ei kortre...
24/11/2025

RESTEFEST!

Eg har eit lite lager med trykk etter utstilling, som eg sel med 40 % rabatt. Bruk koden JUL2025 for ei kortreist julegåve 🎄

www.lineharklau.com/printshop

🎁 På jakt etter ei lokal og ikkje-masseprodusert julegåve? 🎁 Eg har eit lite utval bilder tilgjengeleg i nettbutikken no...
11/12/2024

🎁 På jakt etter ei lokal og ikkje-masseprodusert julegåve? 🎁

Eg har eit lite utval bilder tilgjengeleg i nettbutikken no før jul.

NB: Det finst berre 1-2 eksemplar tilgjengeleg av dei fleste motiva. Førstemann- og kvinne til mølla 🎅🧑‍🎄

https://www.lineharklau.com/printshop

DNT + Nasjonalballetten på Tungestølen 🤩🩰
20/06/2021

DNT + Nasjonalballetten på Tungestølen 🤩🩰

I arbeidet med siste utgåve av Fjell og Vidde har eg hatt fleire fine turar med fine folk, kor vi har snakka om tur, nat...
23/03/2021

I arbeidet med siste utgåve av Fjell og Vidde har eg hatt fleire fine turar med fine folk, kor vi har snakka om tur, natur og korona. Blant dei er Lars Elling, som la vekk penselen og begynte å skrive roman i staden, då bilda ikkje lenger kunne møte eit publikum.

Vi tok t-bana til Frognerseteren, før vi pakka munnbindet i lomma og gjekk på ski til hytta hans i Nordmarka.

"Etter at jeg begynte å gå på ski denne sesongen, har folk faktisk møtt blikket mitt, og de smiler. Det ville man også gjort i Markveien på Grünerløkka til vanlig. Her hvor vi bor tett sammen i en by, er kontakten brutt. Først når du kommer deg inn i skogen oppstår kontakten på nytt."

https://inspirasjon.ut.no/friluftsliv-korona-larselling/i-byen-er-kontakten-brutt-nar-du-kommer-inn-i-skogen-oppstar-kontakten-pa-nytt/106871

Det er utruleg kjekt å få vise ei litt anna fotografisk side i siste nummer av Fjell og Vidde. Desse bilda blei tatt i f...
22/03/2021

Det er utruleg kjekt å få vise ei litt anna fotografisk side i siste nummer av Fjell og Vidde.

Desse bilda blei tatt i fjor vår, då alt var ukjent og kaotisk, men det rådde likevel ei form for optimisme i landet. Snart er vi tilbake, tenkte vi, og tok fatt på heimekontor, heimeskule og heimebarnehage.

No er vi her eitt år seinare, og den såkalla normalen blir eit stadig fjernare minne. Sjølv skal eg vere den siste til å klage. Heilt tilfeldig køyrde vi frå Oslo til Jølster 11.mars 2020. Og der blei vi.

Normalen er mykje nærare her enn i hovudstaden. I tillegg er her luft. Og fjell. Eg tør påstå at ein skal vere forsiktig å uttale seg om ståa i Oslo, med mindre ein har kjent den på kroppen.

Men uansett kor du er i dette langstrakte landet, kan du trøyste deg med dette:

Det blir vår!

Har tre stk kalender til salgs. 200 kr per stk + ev frakt. Send ein PM om du er gira!
15/12/2020

Har tre stk kalender til salgs. 200 kr per stk + ev frakt. Send ein PM om du er gira!

OM Å VEKSE OPP PÅ KRÅKENES FYR:– Det meste på eit sånt fyr hadde ei rytme. Dagane hadde sine heilt faste punkt. Ein kan ...
10/11/2020

OM Å VEKSE OPP PÅ KRÅKENES FYR:

– Det meste på eit sånt fyr hadde ei rytme. Dagane hadde sine heilt faste punkt. Ein kan seie at det var eit trygt og godt liv, men livet var låst til ei blinkande lampe. Eg høyrer folk som i koronatida snakkar om å gå på veggane fordi ein sit på heimekontor. Far min hadde heimekontor i 52 år og blei van til det.

I vår møtte eg Helge Johnsen på Kråkenes fyr. Her, heilt ut mot havet, vaks han opp. Les gode, lune, alvorlege og artige historier om livet på fyret i Den Norske Turistforening (DNT) si siste årbok. Kanskje du får lyst til å booke ei natt her ute?

18/09/2020

Av og til er ein usedvanleg heldig med både vêr og stad. Eit besøk på Skongenes fyr anbefalast. Frå årets hyttefilm-turnè for UT.no og Den Norske Turistforening (DNT)

Eit forsøk på å tre inn i fotokunsten si verd på workshop med  🌿Modell: .lovis
01/08/2020

Eit forsøk på å tre inn i fotokunsten si verd på workshop med 🌿

Modell: .lovis

Dagens nærfugl: BLÅMEIS (med blåmandag?) Det såg ut som blåmeisen hadde ein litt tøff start på dagen i dag (ref første b...
11/05/2020

Dagens nærfugl: BLÅMEIS (med blåmandag?)

Det såg ut som blåmeisen hadde ein litt tøff start på dagen i dag (ref første bilde). Kanskje var det frustrasjon over vinteren som brått kom tilbake? Eller kanskje den rett og slett måtte ordne litt på sveisen? Uansett. Eg synes det er stas kvar gong blåmeisen stikk innom, den har så mykje personlegdom og er kanskje den vakraste meisen. Eg håpar eg kan kome tilbake med endå meir spektakulære bilder av denne fuglen i lufta, då den er usedvanleg fin når den viser fram vingene sine!

Adresse

Brochmannsgate 8c
Oslo
0470

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fotograf Line Hårklau legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fotograf Line Hårklau:

Del

Type