09/08/2026
❤️ FØRST OG FREMST – TAKK TIL ALLE SOM MØTTE OPP I GÅR! ❤️
Utan alle dåke som stilte opp og blei med, hadde me aldri fått til den flotte dagen me hadde! 🙌🐟
Så all ære til dåke! Det er nettopp deltakinga, engasjementet og fiskegleda som gjer at me har lyst til å finne på meir framover. 😎🎣
🎣 NO VIL VI DELE NOKO VI HAR TENKT PÅ EI STUND!
Me vurderer å starte opp med eit enkelt og praktisk fiskekurs for barn og ungdom frå 10 år og oppover.
Målet er å gi dei eit godt grunnlag og lære dei ting dei faktisk får bruk for når dei skal ut og fiske sjølv.
På grunnkurset tenker me blant anna å lære:
🪢 Enkle og nyttige fiskeknutar
🧵 Forskjellen på nylon og braid
📏 Val av tykkelse på sena og kva det har å seie for styrke og kastelengde
🔗 Kva svivel og hempe ein bør bruke
🎣 Kva betyr 3–10 g, 7–20 g osv. på fiskestanga?
🎯 Kva utstyr passar til forskjellige fiskemetodar?
🐟 Forskjellige typar sluk, spinner og anna agn
🏞️ Litt om forskjellige fiskemetodar
🎣 Praktisk trening med utstyr og kast
Me ønskjer at dette skal vere praktisk, sosialt og kjekt, og ikkje berre teori. Deltakarane skal få prøve sjølv og lære gjennom å gjere. 🙌
📅 Me tenker å starte opp på hausten, dersom interessa er god nok.
Dette er tenkt som eit grunnkurs, og dersom dette blir ein suksess, kan me bygge vidare med fleire kurs etter kvart – til dømes:
🐟 Fiskemetodar i ferskvatn
🌊 Fiskemetodar i sjø
🎯 Kasteteknikk
🪢 Knutar og rigging
🐟 Korleis finne fisken
🛶 Fiske frå båt
Dette er noko me har gått og tenkt på ei stund gjennom Masfjorden Villmarksopplevelser, og no har me lyst til å høyre om dette er noko det er interesse for.
👉 Hadde dette vore interessant for deg eller nokon du kjenner?
Legg gjerne igjen ein kommentar eller send oss ein melding dersom dette høyrest spennande ut! 🎣😊
Kanskje dette kan bli starten på ein liten fiskeskule i Masfjorden! 🐟🏞️