Geir Daasvatn Foto

Geir Daasvatn Foto Eg er hobbyfotograf, med interesse for landskapsfotografering, kulturminne og mykje meir.

Turløypa til Aslefoss i Tovdalselva på Ytre Ramse i Tovdal må vere ei av dei aller kortaste her i distriktet 😃 Men FOR e...
03/06/2026

Turløypa til Aslefoss i Tovdalselva på Ytre Ramse i Tovdal må vere ei av dei aller kortaste her i distriktet 😃 Men FOR ei spennande løype!

"CRAZY" VEG – NYDELEG TURLØYPE!Om du går over brua over Kvåsfossen (Lygna) på Kvås i Lyngdal er du ved starten på den ga...
26/05/2026

"CRAZY" VEG – NYDELEG TURLØYPE!
Om du går over brua over Kvåsfossen (Lygna) på Kvås i Lyngdal er du ved starten på den gamle Fidjestølvegen. Eller "Dydlandsstien som køyreveg", som han er kalla på www.kulturminnesok.no. Herfrå kan du legge ut på ein utruleg fin, ja spektakulær, spasertur oppover den stupbratte fjellsida. Det var oppsittarane på garden Dydland som sette i gang med eit privat vegarbeid ned fjellsida og ura her i 1930-åra. Ikkje før etter krigen blei vegen offisielt opna. Seinare blei han bygd vidare til garden Fidjestøl. Han skal ha vore i bruk som køyreveg heilt til 2019 😱
Etter ca. 1,3 km oppover i dei bratte og svingute kleivene, der vegen byrjar å flate litt ut, kan du ta ein avstikkar ut på Neseknipen. Det er 500 m frå vegen. Derfrå er det veldig fin utsikt, fortalde ei hyggeleg dame eg traff oppe i bakkane. Så langt våga ikkje eg meg. Eg tykte det var lurast å snu og gå same vegen tilbake før dei gamle fotballbeina streika heilt.
I staden for å snu kan du visst også fortsette framover/oppover og gå ein lang runde, "Kvåsrunden", på mange kilometer. Den ruta veit eg ikkje noko om, så det må heller bli eit prosjekt neste sommar eller noko slikt 😁
Det var veldig moro å få sett denne spektakulære vegen for første gong. For eit utruleg slit det må ha vore å bygge han. Dei var tøffe, forgjengarane våre, og fekk utført mykje med enkle middel 💪

Tingvatn i Hægebostad er ein eldgamal tingstad. Her ligg òg eit  gravfelt frå jernalderen. Eg var ein tur innom der sønd...
25/05/2026

Tingvatn i Hægebostad er ein eldgamal tingstad. Her ligg òg eit gravfelt frå jernalderen. Eg var ein tur innom der søndag 24. mai. Det er veldig spesielt – og spennande – å vandre rundt på feltet og studere litt på kva dei ulike steinformasjonene har vore til og korleis livet her gjekk føre seg for kanskje 1500 år eller meir sidan.
Fornminnefeltet er sjølvsagt opent døgnet rundt 😃
Tingvatn fornminnepark (museet) er opent
21. juni – 16. august 2026: Onsdag–søndag kl. 12-17.
https://www.vestagdermuseet.no/tingvatn/apningstider-priser/

Den bratte, gamle Grokleiva på Postvegen vestover frå Kristiansand var berykta! Kleiva blei bygd 1791–1797. Det skjedde ...
27/04/2026

Den bratte, gamle Grokleiva på Postvegen vestover frå Kristiansand var berykta! Kleiva blei bygd 1791–1797. Det skjedde både ran og drapsforsøk her 😱 Barnevandrarane kom forbi staden og var livredde for det dei kunne kome borti. Torfinn Normann Hageland har skildra fleire dramatiske hendingar i Grokleiva i den innhaldsrike boka si om "Gamle vegar i Vest-Agder".

Den svære fossen var tørrlagt då eg kom opp 😱 Men eg fann kverntufta 🤠
13/04/2026

Den svære fossen var tørrlagt då eg kom opp 😱 Men eg fann kverntufta 🤠

Under den svære Håtveitfossen mellom Vikstøl og Håtveit aust i Evje var ei kvern i bruk heilt til 1950-talet. I dag er bare ruinen attende.

Kverna på museet på Fennefoss kjem frå Dåsvannsdalen 😃
11/04/2026

Kverna på museet på Fennefoss kjem frå Dåsvannsdalen 😃

Kvernhuset frå Ramselia på Øvre Dåsvatn i Hornnes står i dag på Evje og Hornnes museum på Fennefoss.

Kvar gong eg finn eit av dei gamle kvernhus ute i skogen er det som å oppdage ein sjeldan skatt! Det er ei litt sær inte...
01/04/2026

Kvar gong eg finn eit av dei gamle kvernhus ute i skogen er det som å oppdage ein sjeldan skatt! Det er ei litt sær interesse, det skal eg innrømme. Men eg syns dei er så nydelege fotomotiv 😃 Det gir også ei veldig god ro i sinnet å sitte på ein stein og bare filosofere litt over kva som kan ha vore av aktivitet på ein slik stad opp gjennom hundreåra. Kverna her står på Ljosland i Iveland. Ho er registrert i SEFRAK-registeret, og skal ha vore i bruk til 1962. Det er lengre enn kva som var vanleg i distriktet her.

Adresse

Kjetsåvegen 5
Hornnes
4737

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Geir Daasvatn Foto legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Geir Daasvatn Foto:

Del

Type