06/05/2026
Då Nanseth Media fekk dette filmoppdraget i mars 2025, flytta Hareidsfilmen inn i hovudet mitt. Sidan då har han vore med meg på tur, i bilen, på trening, midt i ein samtale eg burde ha følgt med på og klassikaren: akkurat idet eg helst skal sove.
For korleis skal ein eigentleg klare å «ha med alt»? Treffe «alle»? Og i tillegg sy dette saman på ein underhaldande måte? Det går jo ikkje. Dessutan veit eg som er herifrå altfor godt kor mykje bra som finst her. (Med unntak av store mengder dritvêr og personlegdomsforstyrra årstider).
Målet måtte heller bli å gi ei kjensle av Hareid kommune. Av heilskapen. Av alt det som finst her, og alt det vi kanskje tek litt for gitt. Røske tak i stoltheit og takknemlegheit for det vi har rundt oss. At kultur, natur, idrett, friluftsliv, næringsliv og kvardagsliv heng saman gjennom folka som bur her. På ein heilt vanvittig sentral lokasjon.
Eg har alltid vore fascinert av såkalla «match cuts». Altså overgangar der ein bind saman to ulike klipp gjennom likskap i til dømes fargar, former, rørsle, kamerabevegelsar og ikkje minst lyd. Slike klipp krev ein del planlegging med tidvise moment av frustrasjon når det ikkje vart slik du hadde sett føre deg. Men, når det fungerer, kan det skape ei kjensle av flyt der ein nesten opplever fleire separate scener som ei samanhengande reise.
Det er nydeleg å sjå kor stolte folk er av bygda vår - og det med god grunn! Tusen takk til alle som har bidrege framfor kamera, til alle som har likt, delt, kommentert og sendt meldingar etter lanseringa. Det betyr sjølvsagt mykje! 🙌🏻
Takk for oppdraget Vekst i Hareid !