17/03/2026
Me vil gjerne få feire familiebedrifta vår som 70-årsjubilant!
Skredegård Foto på Gol
Litt historie:
Pappa Olav tok sitt meisterbrev hjå bror sin, Ole Skredegård, Braatens efft. på Voss.
Deretter overtok han Fotograf Hjørdis Braaten sin fotoforretning på Gol, 17. mars 1956.
Der starta han karriera si i lag med mamma Elna. Dei gifta seg hausten 1956.
Etterkvart vart draumen om å byggje sin eigen heim og forretning til verklegheit.
I 1963 flytta dei inn i nybygg på nabotomta. Det var ikkje berre dei 2 som flytta,
dei 2 hadde vorte til ein stor familie på 7!
Det var mykje hardt arbeid, og natta var god å ha for å få ferdig arbeid som venta.
5 ungar kravde og sitt!
I 1981 var Marit klar for å overta jobben som fotograf.
Mamma og pappa var framleis til god hjelp.
I år feirar me 70 år!
Utviklinga i fotobransjen har endra seg. Det har gjort til at me må ha fleire bein å stå på.
Bildeproduksjon, bildebehandling, rammeverkstad, gåve- og interiøravdeling ved sida av fotografering.
Me set fagleg kompetanse og personleg service høgt, og akkurat den menneskelege
kontakten ser me på som vår styrke.
Takk for at de brukar butikkane i nærmiljøet!
Marit, Solveig og Bjørn Tore