Solfure Content Studio

Solfure Content Studio Fotograf og innhaldsprodusent med spesialkompetanse innan sosiale media.

Det er ekstra kjekt å få vere med på eit prosjekt heilt frå starten, og det siste halvåret har Solfure Content Studio få...
12/08/2026

Det er ekstra kjekt å få vere med på eit prosjekt heilt frå starten, og det siste halvåret har Solfure Content Studio fått følge utviklinga av Limpå – ei ny, norsk merkevare frå Stryn som lagar fine og slitesterke merkelappar til klede, utstyr og alle dei små tinga som så lett kjem på avvegar.

I arbeidet fram mot lansering har Solfure Content Studio blant anna:
– halde workshops i merkevarebygging, marknadsføringsstrategi og innhaldsplan
– jobba med korleis LIMPÅ skal kommunisere og bygge merkevara si i digitale kanalar
– produsert profesjonelt foto- og videoinnhald til sosiale medium og nettside
– lagt eit grunnlag for korleis innhaldet kan brukast vidare etter lansering

I denne karusellen deler eg litt behind the scenes frå produksjonen – saman med nokre av dei ferdige bileta 📸

Dette er noko av det eg synest er aller kjekkast med jobben min: å få komme inn tidleg, bli kjent med menneska og ideen bak ei bedrift, og vere med på å forme både den strategiske og visuelle retninga. Det handlar ikkje berre om å produsere fine bilete, men om å skape ein raud tråd mellom merkevare, bodskap, innhald og marknadsføring.

Og ekstra stas er det når det handlar om ei familiebedrift frå Stryn som satsar og bygger noko heilt nytt. No er LIMPÅ lansert, og det har vore skikkeleg kjekt å få følge reisa fram hit 💛
Ta turen innom limpaa.no og sjekk ut resultatet!

Og skulle du trenge merkelappar sjølv, får du 20 % rabatt med koden SOLFURE20.

Det er stas fotografere bedrifter og andre viktige aktører i samfunnet. Denne fine og engasjerte gjengen er innsatsgrupp...
23/01/2026

Det er stas fotografere bedrifter og andre viktige aktører i samfunnet. Denne fine og engasjerte gjengen er innsatsgruppa som jobber for å få Stad Skipstunnel på revidert statsbudsjett. Følg dei gjerne i arbeidet! 🤩

Innsatsgruppa for Stad skipstunnel samlar brei støtte frå både næringsliv og regionar på Nordvestlandet og i Fjordane.

Denne gjengen består av representantar frå maritime miljø, næringsforeiningar og regionråd – frå Sunnmøre til Fjordane– og arbeider på vegner av ei breitt samansett styringsgruppe med fylkeskommunar, partane i arbeidslivet og vertskommunane.

Dette viser at Stad skipstunnel er eit prosjekt med sterk forankring – geografisk og næringsmessig – og eit felles løft for tryggleik, verdiskaping og framtidig kysttransport.

Innsatsgruppa for Stad skipstunnel består av Britt Giske Andersen (Maritimt Forum Nordvest), Tommy Sperre (Ålesundregionens næringsforening), Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane næringsråd), Sverre Øvrelid Steen (Sunnmøre regionråd), Elisabeth B Hatlenes, leiar (Fjordane regionråd), Linn-Therese Skår Hosteland (Kystrederiene)

2025 har vore eit år med mange kjekke shoots og minneverdige augeblikk. Eitt av høgdepunkta var då sjølvaste Casper Ruud...
21/01/2026

2025 har vore eit år med mange kjekke shoots og minneverdige augeblikk. Eitt av høgdepunkta var då sjølvaste Casper Ruud var på besøk i Noreg i samband med opninga av to splitter nye tennisbaner på Golia Tennisklubb, sponsa av Renault.

Det var skikkeleg gøy å sjå korleis dei unge medlemmane i klubben såg opp til Casper – augo lyste, og entusiasmen var til å ta og føle på. Han tok seg god tid til alle, skreiv autografar, stilte opp på bilete og møtte kvar og ein med eit stort smil og ekte engasjement.

Slike augeblikk betyr utruleg mykje for rekrutteringa til idretten, og det var tydeleg at dette var ein dag dei unge spelarane kjem til å hugse lenge. Ein inspirerande dag for både små og store – og eit bevis på kor viktig det er med gode førebilete i norsk idrett. 🎾

Takk til Renault i Norge for oppdraget 🤩🙏

Eg er både stolt og takksam over å ha fått vere ein del av arrangementskomiteen for VM i vektløfting i Førde, der eg had...
16/01/2026

Eg er både stolt og takksam over å ha fått vere ein del av arrangementskomiteen for VM i vektløfting i Førde, der eg hadde rolla som kommunikasjons- og mediaansvarleg. Å få vere med på å planleggje og gjennomføre eit meisterskap av denne storleiken har vore ei unik erfaring, og eit tydeleg bevis på kva vi får til når frivillige, næringsliv og det offentlege dreg i same retning.

Eit slikt arrangement betyr langt meir enn sterke løft og fulle tribunar. Det set byen vår på verdskartet, skaper stoltheit lokalt og gir varige ringverknader for både reiseliv, næringsliv og idrettsmiljø. At meisterskapet i tillegg har gitt eit solid overskot, viser at det er mogleg å kombinere store internasjonale arrangement med god økonomisk styring.

Overskotet gir nye moglegheiter for vidare satsing på idrett, aktivitet og arrangement i Førde, og legg eit sterkt fundament for framtida. Dette er noko heile byen kan vere stolt av – og eg er audmjuk og glad for å ha fått bidra!

Arrangørane bak verdsmeisterskapen i vektløfting leverer eit overskot på 25 millionar. – Bør omfamnast av norsk idrett, seier sportskommentator.

Adresse

Førde
6800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Solfure Content Studio legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Solfure Content Studio:

Snarveier

Del

Type