Reiakvam Foto

Reiakvam Foto Reiakvam Foto er den største fotobutikken i fylket. Vi har eit stort utval i album, rammer og bilde

No er eg tilbake frå 3 innhaldsrike dagar på Landsmøte i Norges Fotografforbund. Med meg heim har eg ny kunnskap og mykj...
25/03/2026

No er eg tilbake frå 3 innhaldsrike dagar på Landsmøte i Norges Fotografforbund. Med meg heim har eg ny kunnskap og mykje inspirasjon, samt 2 diplom for "heiderleg omtale" i Landskonkurransen, Norges Fotografforbund 🤩🥳 Eg må også få skryte av dei fantastiske kollegaane eg har i Bergen Fotograflaug som sopa med seg medaljar og prisar for beste bilde i fleire kategoriar. For ein gjeng superkvinner eg får vere i laug med! 💪 Det skjer litt av kvart på Reiakvam Foto no. Følg med framover så kjem det nyheiter av både det eine og det andre slaget 😉

Foto: Lars Martin Bøe /

Vi fekk ein litt annleis siste opningsdag før jul i dag. Ein transformator kortslutta i tredje etasje, noko som førte ti...
23/12/2025

Vi fekk ein litt annleis siste opningsdag før jul i dag. Ein transformator kortslutta i tredje etasje, noko som førte til røykutvikling og full brannutrykning. Vi takkar brannvesenet som var raskt på pletten og fekk konkludert med at krisa var avverga. Takkar også for skryt av dei tilsette. Eg kan love vi ikkje var så høge i hatten der ei stund! 🥵

Om det er nokon som ikkje fekk henta bildene sine i dag på grunn av utrykninga, kan de sende meg ein e-post no i kveld på [email protected], så skal vi finne ei løysing.

Lille julaftan tok det til å brenne i lokala til Reiakvam Foto i Hafstadvegen i Førde.

Straks stengjer vi dørene og tek juleferie etter ei travel og kjekk førjulstid. Vi vil gjerne takke alle som nyttar oss ...
23/12/2025

Straks stengjer vi dørene og tek juleferie etter ei travel og kjekk førjulstid. Vi vil gjerne takke alle som nyttar oss og bestiller store mengder julekort, kalendrar og fine gåver her hos oss. Alle de som vel å nytte dykk av lokale produsentar og butikkar er med å halde liv i byen vår og det mangfaldige butikktilbodet. Det er noko både vi og de bør vere glade for. Takk og god jul! - Dagrun

Adresse

Hafstadvegen 15
Førde
6800

Åpningstider

Tirsdag 09:00 - 16:30
Onsdag 09:00 - 15:00

Telefon

+4757821977

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Reiakvam Foto legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Reiakvam Foto:

Snarveier

Del

Type