Fotograf af Geijerstam

Fotograf af Geijerstam Drammen • Sogn og Fjordane • Svennebrev •
Medlem av Norges Fotografforbund

No er våren i anmarsj ☀️Det betyr ein ting: tid for familiefotografering ute igjen!Vi skapar både dei tidlause og klassi...
03/03/2026

No er våren i anmarsj ☀️
Det betyr ein ting: tid for familiefotografering ute igjen!

Vi skapar både dei tidlause og klassiske bilda, men fangar også latteren, leiken og det salige kaoset mellom poseringane. Noko som ofte blir dei aller finaste minna.

Vil du sikre deg dato i vår? Send meg ei melding 💛

To små mirakel. To forskjellige år 🤍Først storesøster i 2024, så lillesøster i 2025.Trygt, varmt og akkurat der dei høyr...
19/02/2026

To små mirakel. To forskjellige år 🤍
Først storesøster i 2024, så lillesøster i 2025.
Trygt, varmt og akkurat der dei høyrer til, i armane til mamma og pappa.

www.afgeijerstam.com

2016.Året eg tok eit større steg inn i eit yrke som skulle bli livet mitt.Året eg vart 2.års lærling på Austlandet.Året ...
25/01/2026

2016.
Året eg tok eit større steg inn i eit yrke som skulle bli livet mitt.
Året eg vart 2.års lærling på Austlandet.
Året eg starta bedrifta mi.

Dette var året eg reiste til Stavanger for mitt aller første landsmøte i NFF. Eg hugsar kor stort det kjendes. Ikkje berre fagleg, men det ekte. For fotografyrket kan vere einsamt. Det er mykje tid aleine, mykje ansvar og mykje tvil.
På landsmøtet fekk eg for første gong kjenne på samhaldet. At vi er mange som står i det same, og at det finst ein stad der kreativiteten får nytt løft. Eg har vore med kvart år sidan (med eitt unntak), og det seier vel sitt.

2016 var også året eg reiste til Sverige på kurs med andre lærlingar. Der fekk eg bileta mine løfta fram og stemt fram av to fotografar eg såg opp til. Det var ikkje det viktigaste kva som vart premiert, men kjensla av at nokon såg arbeidet mitt.

Midt oppi alt dette starta eg firmaet mitt. Litt skummelt, men parallelt med lærlingtida mi på Hadeland. Som ein stille start på det som skulle komme året etter. Eg visste ikkje heilt kvar eg skulle, men eg visste at eg måtte begynne ein stad.

Det var også året eg fekk mitt første premierte bilde i laugskonkurransen i Oppland & Hedmark.

Når eg ser tilbake på desse bileta no, ser eg ei jente som prøver.
Som møter opp, lærer, testar og tek plass, litt etter litt.
Ikkje ferdig. Ikkje sikker på alt, men villig til å satse.

2016 var eit innhaldsrikt år.

www.afgeijerstam.com

#2016

Fem år sidan sist eg presenterte meg her inne så no er det på tide med ei lita oppdatering!Eg heiter Emmy Madeleine Vict...
16/01/2026

Fem år sidan sist eg presenterte meg her inne så no er det på tide med ei lita oppdatering!

Eg heiter Emmy Madeleine Victoria, og i år er det faktisk 10 år sidan eg starta bedrifta mi 🤎
Bedrifta starta eg opp medan eg var lærling. Der eg tok svennebrev som fotograf i 2017 og har holdt på sidan den gong.

Eg er jenta med tine iskaffe i handa året rundt, som drar på countryfestival den eine helga og ser alle sesongar av Deadliest Catch den neste når eg ikkje har bryllup. Ein sucker for solnedgangar, helst med kamera i handa.

Held til i Drammen, men røtene mine er frå Sogn og Fjordane. Eg elskar å fotografere mellom fjord og fjell heime, men også alle dei andre stadane kundane mine tek meg med. Eg er skikkeleg heldig som får reise så mykje i jobben min.

Denne våren tek eg også eit nytt steg ✨
Eg flyttar inn i heilt nytt studio saman med tre andre fotografar. Det blir eit kreativt fellesskap med meir rom for idéar, og ein fin stad å ta imot kundane mine.

I 2027 er det duka for eige bryllup, så eg er litt i mi eiga bride era no. Akkurat slik mange av kundane mine også er 🤍

Her inne vil eg dele glimt frå kvardagen som fotograf:
kundehistorier, små og store prosjekt, litt kvardag og kanskje nokre snikglimt frå vår eigen bryllaupsplanlegging etter kvart (utan å ta heilt av, lovar 😉).

Dei siste åra har eg fått jobbe tett med brudepar, familiar, nyfødte, bedrifter og ein god del bustader. Fleire har kome tilbake igjen og igjen, noko som gjer meg både audmjuk og enormt takknemleg.

Eg er så klar for 2026 og alt vi skal skape saman ✨
Håpar du har lyst til å vere med vidare.

La dagen vare evig 🤎

www.afgeijerstam.com

Bryllupshelga går fort, men stemninga, følelsane og alt de delar denna helga fortjener å vare evig.Eg fotograferer bryll...
05/01/2026

Bryllupshelga går fort, men stemninga, følelsane og alt de delar denna helga fortjener å vare evig.

Eg fotograferer bryllup med fokus på heilskapen.
Menneska, omgjevnadene og det som gjer helga til dykkar historie. Slik at de kan draume dykk tilbake til helga igjen og igjen når de ser på bilda.

Eg har starta å booke bryllup for 2026 og 2027. I år tar eg turen til blandt anna heim til Sogn og Fjordane og Hordaland, kvar blir neste lokasjon?🌄

Har de datoen klar? Send meg ein DM eller trykk på linken i bio for meir informasjon!

Tagg den du planlegg bryllup med, kanskje dykk er mitt neste brudepar? 💍

La dagen vare evig 🤎

www.afgeijerstam.com

Kjøp gåvekort hos meg på valgfritt beløp. Perfekt gåve til nokon du er glad i 🤎www.afgeijerstam.com
12/12/2025

Kjøp gåvekort hos meg på valgfritt beløp. Perfekt gåve til nokon du er glad i 🤎

www.afgeijerstam.com

Vinterlys, heimestrikk og ein liten familie full av kjærleik ✨Familiefotografering ute i naturen er ein av favorittane m...
01/12/2025

Vinterlys, heimestrikk og ein liten familie full av kjærleik ✨
Familiefotografering ute i naturen er ein av favorittane mine. Ekte augneblink, gode klemmar og fin og roleg stemning!

Detta er noko eg elskar å fotografere, og vil gjere endå meir av framover 🤎

www.afgeijerstam.com

Kun 3 plassar igjen!Det er tid for årets julekortfotografering!20min - 3 digitale filer - kun 1900.-Moglegheit til å kjø...
13/10/2025

Kun 3 plassar igjen!

Det er tid for årets julekortfotografering!

20min - 3 digitale filer - kun 1900.-
Moglegheit til å kjøpe fleire bilder eller heile galleriet!

📍Lokasjon : Skoger

Book din tid her🎄

https://www.afgeijerstam.com/kontakt

Adresse

Drammen
3039

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fotograf af Geijerstam legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fotograf af Geijerstam:

Del

Type