Fotograf Gøril Sætre

Fotograf Gøril Sætre Dokumentarisk familie og bryllaupsfotograf, som fangar ekte augneblink som bevarer minna. All images © Fotograf Gøril Sætre

Det er ikkje dei store dagane du gløymer først.Det er dei små.Dei som berre skjer midt i alt det vanlege.Og plutseleg er...
20/04/2026

Det er ikkje dei store dagane du gløymer først.
Det er dei små.
Dei som berre skjer midt i alt det vanlege.
Og plutseleg er dei borte.

Om du også kjenner på det, så veit du kvifor eg gjer dette🌸

HURRA!!!Ein liten sjølvfeirings post i dag!I går fekk eg✨ to heiderlege omtalar ✨ og bronse i kategorien reportasjei lan...
23/03/2026

HURRA!!!
Ein liten sjølvfeirings post i dag!
I går fekk eg
✨ to heiderlege omtalar
✨ og bronse i kategorien reportasje
i landskonkurransen til Norges Fotografforbund.

Eg er så takknemleg. Ikkje berre fordi det er ei anerkjenning frå dyktige kollegaer i juryen,
men fordi det handlar om måten eg ser verda på.

For meg handlar dette ikkje om perfeksjon,
men om historie og dei ekte augneblinka.
Ein stor takk til Marcel Leliënhof som såg biletet mitt og løfta det heilt inn i medaljediskusjonen. Det betyr utruleg mykje.

Om du ønskjer å hugse livet og tida saman med dine fine, med ekte og naturlege bilete som bevarer minna så send meg gjerne ei melding, for eg vil veldig gjerne dokumentere dykk unike historie også. Nært, kjæret, rått og ekte🤍


Eit lite tilbakeblikk på eit av fjorårets siste bryllaup 🤍 SK + S🤍Haustbryllaup i Masfjorden.Vått, magisk og fylt med kj...
26/02/2026

Eit lite tilbakeblikk på eit av fjorårets siste bryllaup 🤍 SK + S🤍
Haustbryllaup i Masfjorden.
Vått, magisk og fylt med kjærleik.

Det er rart korleis eitt år kan romme så mykje.Kjærleik. Tap. Og alt mellom der.2016 lærte meg kva minner eigentleg er.A...
10/02/2026

Det er rart korleis eitt år kan romme så mykje.
Kjærleik. Tap. Og alt mellom der.
2016 lærte meg kva minner eigentleg er.
At det ikkje handlar om å fryse tida,
men om å halde fast i det som gjer ho verdt å leve.
Det var året eg fann ut at bilete betyr meir enn vi trur.
Fordi dei hjelper oss å hugse det vi elles gløymer:
Korleis det kjentes. Kven vi er.
Kva vi har, og kven vi deler den med.
Så dette er ei påminning.
Til deg som står midt i livet.
Det er no minna blir skapt.
💛 Ta vare på dei.
Med eller utan nordlys.

Nordlysminne

Til alle mødre der ute; gratulerer med morsdagen 🤍Dei stille heltane.Dei som held rundt, held ut og held fast i minna.Ei...
08/02/2026

Til alle mødre der ute; gratulerer med morsdagen 🤍
Dei stille heltane.
Dei som held rundt, held ut og held fast i minna.

Ei ekstra varm hyllest i dag går til mi eiga mamma.
Du har vist oss verda,
og lært oss å sjå den med opne auge.
Du har støtta oss i alt vi gjer,
og stått støtt når vi har vakla.
Du har gitt oss uendeleg med kjærleik,
guida oss varsamt,
vore genuint interessert,
alltid nysgjerrig; på livet, på menneska, på oss.
Du er den beste mammaen vi kunne drøyme om.
Og vi er uendeleg, grenselaust glade i deg.
🤍🤍🤍

Hei!Eg heiter Gøril og er dokumentarisk familiefotograf i Sogn, Bergen og på Vestlandet.Eg fangar ekte augeblikk for dei...
15/01/2026

Hei!

Eg heiter Gøril og er dokumentarisk familiefotograf i Sogn, Bergen og på Vestlandet.
Eg fangar ekte augeblikk for dei som ønskjer unike bilete, utan poseringar, utan stress og utan krav om å vere perfekt.
Berre nærleik, latter, kaos og kjærleik, akkurat slik det er.
For det uperfekte er ofte det finaste. ✨

Ta gjerne kontakt om du ønskjer unike bilete av deg og gjengen din🤗

Drøymer de om bryllaup i Sogn i 2026?Balestrand har noko heilt eige:nasjonalromantiske omgivnadar, kyrkjer med historieo...
12/12/2025

Drøymer de om bryllaup i Sogn i 2026?

Balestrand har noko heilt eige:
nasjonalromantiske omgivnadar, kyrkjer med historie
og stader som Ciderhuset og Kviknes Hotell,
der feiringa får rom til å vere både høgtideleg og avslappa.
Eg jobbar dokumentarisk og nært, for brudepar som ønskjer ekte minner som viser korleis dagen både var og føltes.. Ei historie som får leve vidare i bilete de kan nyte for alltid.

✨ Booking for 2026 er open
Send meg gjerne ei melding om de er nysgjerrige,
eller lagre innlegget om de drøymer litt ekstra i dag..

S🤍R💕Rein glede og så masse kjærleik💕
06/11/2025

S🤍R
💕Rein glede og så masse kjærleik💕





I samband med lanseringa av den nye nettsida mi, har eg ein konkurranse gåande, der du kan vere med I trekninga av ei mi...
31/10/2025

I samband med lanseringa av den nye nettsida mi, har eg ein konkurranse gåande, der du kan vere med I trekninga av ei mini-fotografering, einaste du treng å gjere er å klikke deg inn på linken i bio og skrive deg opp på nyheitsbrevet😉🥳😄

Vinneren blir trekt i morgon.

Og ta gjerne turen inn på sjølve nettsida også ( ligg klart i same linken). Eg set så pris på alle som er med og hjelpe meg opp og fram! De er mine kvardagsheltar🫶🫶🫶

Adresse

Sognefjordvegen 580
Brekke
5961

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fotograf Gøril Sætre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fotograf Gøril Sætre:

Del

Type