Fotograf Anette Risnes

Fotograf Anette Risnes Sjølvstendig næringsdrivande fotograf og grafisk designer. Fotograferer alt frå baby til bryllup,

Jaggu lenge sidan eg har posta her inne no og mange grunnar til det! Det har vore eit hektisk år på privaten, og på grun...
18/11/2023

Jaggu lenge sidan eg har posta her inne no og mange grunnar til det! Det har vore eit hektisk år på privaten, og på grunn av anna jobb i tillegg har eg ikkje hatt anledning å ta på meg så mykje meir. Men eg er no open for å ta på meg meir igjen, så her er iallefall prislista for 2023/2024. Nettsida er under oppdatering og ikkje tilgjengeleg, så for å booke time send meg ei melding på telefon eller messenger! Ikkje mange helgene att før jul 🙂 Har ikkje eige studio lengre så studiofotograferinger må du sende meg forespørsel om i god tid, då eg må leige studio ved behov og ledighet.

Med eit bilde frå fjorårets julefotografering ønsker eg alle ei riktig god jul og eit godt nyttår! 🎄✨
23/12/2022

Med eit bilde frå fjorårets julefotografering ønsker eg alle ei riktig god jul og eit godt nyttår! 🎄✨

12. desember og berre 12 dagar att til jul! Idag har eg eit tidsbegrensa supertilbod på GAVESJEKK, den perfekte gåva til...
12/12/2022

12. desember og berre 12 dagar att til jul!

Idag har eg eit tidsbegrensa supertilbod på GAVESJEKK, den perfekte gåva til deg sjølv eller nokon som fortener det! 🎁 Tilbodet er gyldig ved bestilling innan 16. desember.

Kva ville du brukt gavesjekken på? 🥰

www.anetterisnes.com/gavekort

Mange nye kunsttrykk og plakatar tilgjengeleg i nettbutikken! 🥳 Sikre deg ei fin julegåve til nokon du kjenner! Hugs ber...
19/11/2022

Mange nye kunsttrykk og plakatar tilgjengeleg i nettbutikken! 🥳 Sikre deg ei fin julegåve til nokon du kjenner! Hugs berre å bestille i god tid om du vil ha varene levert før jul. 🎄✨

www.anetterisnes.com/nettbutikk

Kven ønsker seg gavesjekk på fotografering? Eg har gavesjekk på tilbod til 2000 kr (ord. 2800,-). Tilbodet er gyldig ut ...
24/10/2022

Kven ønsker seg gavesjekk på fotografering?

Eg har gavesjekk på tilbod til 2000 kr (ord. 2800,-).
Tilbodet er gyldig ut oktober. Løp og kjøp! 🥰🥳

11/10/2022
Ønskjer du fotografering i haust? Eg er tilgjengeleg kveld og helg etter avtale. https://www.anetterisnes.com/prisliste
07/09/2022

Ønskjer du fotografering i haust? Eg er tilgjengeleg kveld og helg etter avtale. https://www.anetterisnes.com/prisliste

Fotograf og grafisk designer Anette Risnes driver AR Fotografi som er lokalisert i Ålesund, Haram, Sunnmøre, Møre og Romsdal. Anette er ein fotograf med fokus på naturlige og ekte portretter til minneboken.

Ønskjer du fotografering? Framover er eg tilgjengeleg kun laurdagar og søndagar etter avtale. Studiofotografering i Lang...
14/08/2022

Ønskjer du fotografering? Framover er eg tilgjengeleg kun laurdagar og søndagar etter avtale. Studiofotografering i Langevåg eller utandørsfotografering rundt om i heile Sunnmøre. Meir informasjon og bookingskjema finn du her: www.anetterisnes.com

Så flott 👏🏻
28/07/2022

Så flott 👏🏻

- Nå kan vi gjøre jobben vår, sier reklamefotograf.

Nytt regelverk tredde i kraft 1. juli i år angåande merking av bilder som er redigerte eller retusjerte. Dette gjer at a...
07/07/2022

Nytt regelverk tredde i kraft 1. juli i år angåande merking av bilder som er redigerte eller retusjerte. Dette gjer at absolutt alle bilder vi fotografer tek (med mindre man ikkje behandler bildet i det heile tatt) må merkast med dette merket før publisering.

Ein ting er å merke bilder som faktisk er retusjerte i form av hudretusj, kvitere tenner, endring av kroppsfasong, størrelse eller farge på øyne etc. Men med dette nye lovverket skal også bilder som er kun fargekorrigert måtte merkes med «retusjert person» uavhengig om personen(e) på bildet er retusjert eller ei. Dette kan nok virke ganske rart for mange, inkludert oss fotografer. Så ikkje fortvil om bildet ditt blir merka, eller om du ser at alle mine bilder er merka som retusjert. Det betyr rett og slett berre at bildet er redigert slik vi fotografer alltid gjer i etterbehandling av bilder og betyr altså ikkje nødvendigvis at personen er retusjert, slik merket vil ha det til. Eg korrigerer alltid lys og farger i etterbehandling og retusjerer lite utenom kanskje nokre kviser eller sår her og der.

Eg deler her litt info som min kjære kollega Miriam skreiv så fint. 😊

Kva synes du om denne regelen?

Adresse

Brattvåg
6270

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fotograf Anette Risnes legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fotograf Anette Risnes:

Del

Type

Frys tida med minner som varer

Eg ønsker å kunne bidra til å fryse tida, skape minner som varer for evig - bilder som din familie kan dra ut av skuffa fleire generasjonar fram i tid og minnast med glede.

Har du nokon gong tenkt at du burde gått til fotografen og få tatt nokre skikkelege bilder av familien som du kan henge på veggen? Kanskje tenker ein ikkje alltid over kven som står bak kamera når ein sjølv knipsar bilder av store og små begivenheiter i livet.

Ofte gløymer ein at ein sjølv kanskje ikkje er til stades på så mange av bilda fordi ein ofte er den som står bak kamera. Plutseleg har du fleire år av barnas liv dokumentert, men veldig få bilder der du sjølv er med. Det er fort gjort! Viktigheita med å vere til stades på bilder saman med barna og familien er stor. Det er ei tid ein aldri får tilbake, og eg vil iallefall at mine barn skal kunne bla i bilder når dei har blitt vaksne og sjå og minnast livet vårt saman.

Det er viktig for barna å ha bilder av både mamma, pappa og besteforeldre, alle som har vore viktig for dei i livet. Er det noko eg ofte gjer når eg er på besøk hos nær familie så er det å bla i album med gamle bilder.