Martinussen Tradisjon og Kompetanse As

Martinussen Tradisjon og Kompetanse As (Normannen - Mellom bakkar og berg")

UNESCO-instructor-historian-traditional craft-diver-biker-forging-brewer-Underwater photographer-exhibitions-lime burner-artist

"... den leiken den ville han sjå.."

Audunarstofa, som vart tjærebreidd i fjor i september av norske og islandske handverkarar, ser veldig fin ut og tjæra ha...
09/08/2026

Audunarstofa, som vart tjærebreidd i fjor i september av norske og islandske handverkarar, ser veldig fin ut og tjæra har tålt vinteren godt. I år skal huset få eit strøk til med milebrent tjære.

Teglsteinprosjektet: I dag har vi testa leirkvaliteter og laga litt råstein av leire. Det er vanskeleg å finne rett kons...
18/06/2026

Teglsteinprosjektet: I dag har vi testa leirkvaliteter og laga litt råstein av leire. Det er vanskeleg å finne rett konsistens på leira, så må nok gjera fleire forsøk. Planen er å lage opp nok råstein til ei prøvebrenning i løpet av hausten. Forsøka lover godt. Martinussen Tradisjon og Kompetanse As Christian Korrell

24/05/2026

Det kjem ein del spørsmål om kalkkretsløpet og kva som skjer når brente skjell blir blanda med varmt vatn. Her er forklaringa:
Når du brenn østersskjell skjer det eigentleg ei kjemisk omforming av kalken i skjelet. Østersskjel består hovudsakleg av kalsiumkarbonat:
Når skjella blir varma opp til ca. 850–900 °C i kalkomnen, driv du ut karbondioksid (CO₂). Då skjer kalcinering:

Resultatet er:
CaO = brent kalk / uleska kalk / quicklime
CO₂ = karbondioksid som går ut i lufta
Det brende skjellmaterialet blir då svært reaktivt. Når du tilset vatn skjer lesking:

Det skjer fleire ting samtidig:
CaO (kalsiumoksid) reagerer kraftig med vatn
Vatnet blir kjemisk bunde.
Det dannast:
Ca(OH)₂ = kalsiumhydroksid = leska kalk/kalkhydrat
Reaksjonen utviklar mykje varme (eksoterm reaksjon)
Difor kan temperaturen bli svært høg — ofte 150–300 °C ved hotmix-lesking slik vi arbeider med i østerskalkprosjektet. Når du brukar kokande vatn får du ein svært rask og aggressiv reaksjon.

Det interessante med østersskjel er at dei har:
svært rein kalk tynn struktur og stor overflate.
Dermed reagerer dei ofte raskare og meir intenst enn mykje steinkalk. Når kalken seinare kjem på veggen som puss eller kalkmaling, byrjar han sakte å ta opp CO₂ frå lufta igjen. Ved full karbonatisering på veggen tek han tilbake all CO₂ som slspp ut under brenning. Den kalka vegge fungerer då som karbonlager. Då går materialet tilbake mot kalsiumkarbonat:

Det er dette som kallast karbonatisering.

Sagt på ein annan måte:
Østersskjel → brent kalk
Brent kalk → leska kalk
Leska kalk → stein igjen

Vi har altså eit sirkulært kalkkretsløp der materialet går frå biologisk skjell til reaktiv kalk
tilbake til mineralsk kalksteinliknande struktur i muren. (delvis bruk av KI)

I går var siste dagen med elevane på Færder VGS. Over 80 elevar har fått innføring i miljøpro lematikk kring den svartel...
23/05/2026

I går var siste dagen med elevane på Færder VGS. Over 80 elevar har fått innføring i miljøpro lematikk kring den svartelista invaderande stillehavsøstersen, naturforvaltning, berekraft, sirkulærøkpnomi og tradisjonelt handverk. Elevane fekk laga sjablongar og dekorerte kalkomnen. Vi tømte kalkomnen og demonstrerte lesking av brente østers. Sjølve leskinga som vi gjer med varmt vatn er ei magisk oppleving, der brente skjell reagerer med vatn og vi får ein termisk reaksjon der temoeraturen aukar til nærare 300 grader og vi lagar kalkdeig. Dette kan du så bruka til alle kalkprodukt ftå mørtel til kalkmaling. Stor takk til Sparebankstiftelsen DNB som har finansiert prosjektet "Stillehavsøsters - miljø og berekraft" Bent Erik Myrvoll Martinussen Tradisjon og Kompetanse As Østersdugnaden @

Den mobile kalkomnen fungerer svært bra. Vi fekk gjennombrenning etter 2 t 14 min, som er ny rekord!! I morgon skal vi t...
21/05/2026

Den mobile kalkomnen fungerer svært bra. Vi fekk gjennombrenning etter 2 t 14 min, som er ny rekord!! I morgon skal vi tømmer omnen, leske og kalkmale. Elevane frå Færder VGS skal bruke sjablongane dei har laga i dag og male med pigmentert kalkmaling. Kalken som blir leska kan brukast til mørtel, fuging, pussing og kalkmaling.

Å nytte invaderande stillehavsøsters til produksjon av skjellkalk er eit døme på berekraftig sirkulær økonomi, der ein miljøutfordring vert omdanna til ein verdifull ressurs for restaurering, handverk og ny byggjekunst (biobasert byggjemateriale). Prosessen kombinerer naturforvaltning, lokal ressursutnytting og vidareføring av tradisjonell kalkbrenning i eit lågavfalls kretsløp der materialet igjen bind CO₂ gjennom karbonatisering når kalken herder.
Sparebankstiftelsen DNB Bent Erik Myrvoll Martinussen Tradisjon og Kompetanse As Østersdugnaden

Stemning frå kalkbrenning i Tønsberg!
21/05/2026

Stemning frå kalkbrenning i Tønsberg!

Så er vi i full gang med brenning av invaderande stillehavsøsters på Færder VGS. Elevane har laga sjablongar med kunstna...
21/05/2026

Så er vi i full gang med brenning av invaderande stillehavsøsters på Færder VGS. Elevane har laga sjablongar med kunstnaren Bent Erik Myrvoll. Vi har bygt opp kalkomn og den er full av østers. Akkurat no er det full fyr og vi venter på gjennombrenning. Sparebankstiftelsen DNB Bent Erik Myrvoll Martinussen Tradisjon og Kompetanse As Færder videregående skole

Adresse

Bergen

Telefon

+4790368990

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Martinussen Tradisjon og Kompetanse As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Martinussen Tradisjon og Kompetanse As:

Snarveier

Del