Arnsteins fotosider.

Arnsteins fotosider. Bilder 2016 - 2026. Tatt med mobiltelefon, Galaxy og Huawei. Bildene er redigert, men ikkje manipulert.

Natt til fredag blei tilbrakt sittende rett opp og ned rundt eit bord sammen med ein italiensk familie på tre; mor, far ...
23/05/2026

Natt til fredag blei tilbrakt sittende rett opp og ned rundt eit bord sammen med ein italiensk familie på tre; mor, far og tenåringsson.
Tipper at det blei omlag ein time søvn på åtte timer togtur. Det blir eit artig taust samspill på eit nattog. Vi rundt bordet snakka ikkje noko med kvarandre men det blei utveksla varme smil når beina våre uforvarende kom bort i kvarandre i våre uttallige forsøk på å finne ein nokonlunde komfortabel sovestilling.
Eg blei tilbydd kjeks av dei til frokost, og smilende sa dei buongiorno når våre veger skiltes ved tidlig ankomst Milano.

Eg hadde seks-sju minutter til å finne det nye toget på den gigantiske knytepunktstasjonen i Milano, svært god tid for ein dreven interrailer. Toget skulle ta meg videre gjennom landskap som minner om det norske; grønt, fjell og vatn, til fjellbyen Tirano. Der blei det frokost før eg gikk på den legendariske toglinja Benina-ekspressen, denne gongen hadde eg lagt inn ei overnatting i landsbyen Le Prese, omlag ein halv time frå Tirano. Landsbyen ligg flott til ved eit vatn omkrinsa av høge fjell (sjå videoen eg la ut i går), og hotellrommet hadde seng og interiør som minte meg min oppvekst på 70-tallet.
Naturlig nok sovna eg tidlig.

Dagen i dag starta tidlig med god brødfrokost, før eg 08.35 gikk på Benina-ekspressen igjen. Eg tok den og for tre år siden, og nett som då så hadde eg ein stor del av ei vogn for meg sjølv slik at eg kunne springe frå side til side, alt etter kor utsikta var best. Linja går bratt opp med spektakulær utsikt, har 20 minutt stopp på utsiktspunktet Alp Grum på 2091 moh, før den stig videre til høgeste punktet 2253 moh. Du har utsikt til fjell på rundt 3000 moh.
På grunn av den bratte stigningen går opp- og nedturen i rolig tempo. Sist reiste eg ned til St Moritz og videre til Zürich, i år gikk turen til byen Chur, og eg meiner at denne nedstigningen er endå meir spektakulær enn sist. I Chur rusla eg rundt ein time i gågata som ligg rett utanfor stasjonen.

Så har turen derifrå gått videre på grensen til Liechtenstein, nokre kilometer i Østerrike før siste etappe har gått til München. Her har det blitt typisk tysk middag og ein liten spasertur, før turen om eit par timer går videre til...

Frå sørlige Italia så har eg på disse to dager brukt 5 euro på obligatorisk reservasjon av nattoget, ellers så er det ikkje nødvendig med reservasjon noko som gjev stor fleksibilitet til endringer i interrailpasset.

Har lagt ved nokre bilder frå dagens tur som på ingen måte gjev den spektakulære turen rettferd.

22/05/2026

Variasjon i kosten.

Puglia.Då er det på tide å reise nordover. Det har vært 11 flotte varierte dager i provinsen Puglia, på "leggen" til den...
21/05/2026

Puglia.
Då er det på tide å reise nordover.
Det har vært 11 flotte varierte dager i provinsen Puglia, på "leggen" til den italienske støvelen.
Her har eg farta innom to flotte turistkystbyer sør om Bari, Monopoli og Poligniale al Mare, to svært spesielle bygningsmessige byer vest for Bari, Matera og Alberobello (sistnevnte når ein per dags dato med buss frå Bari), og to "uoppdaga" sjarmerende kystbyer nord om Bari, Barletta og Trani.
Alle byene ligg innen ein halvannen time frå Bari, og til dei fire kystbyene går det fleire tog i timen.

Alle byene har levert langt over forventning og med variert vær (mykje regn, sol og vind) så har dette gitt besøkene ein ekstra dimensjon. Om eg skal trekke fram spesielt ein by så er det Trani, ein fantastisk by med ei vakker havn med tilhørende lang molo og park, titalls fiskebåter som drar til havs tidlig om morgenen og fiskere som sel fangsten frå båten, restauranter med nydelig mat, ein flott promenade langs havet til nærmeste by, og nesten ingen av OSS turister som har oppdaga perlen. Tre dager har eg budd her, og eg skal tilbake.
I dag har eg toga til nabobyene Molfetta og Bisceglia. Dei ligg innen eit kvarter togtur frå Trani. Eg har tilbrakt omlag tre timer i kvar by. Ikkje så spennende havner men artig å gå i dei mange trange gatene i byene.

No venter eg på nattoget som skal ta meg nordover, eg finn nok på noko på vegen😊

Her eit knippe bilder frå dei fire siste dager.

Buongiorno. Buona giornata!
20/05/2026

Buongiorno. Buona giornata!

Polignano a Mare. A mare betyr ved havet, og 17. mai var ein dag med mykje sol, vind og hav. Friskt og flott.Store deler...
18/05/2026

Polignano a Mare.
A mare betyr ved havet, og 17. mai var ein dag med mykje sol, vind og hav. Friskt og flott.
Store deler av byen er bygd på ei klippe med for det meste kvite bygninger med smale gater. Mange besøkende.

I dag er det lenge varsla togstreik i Italia men eg trur togene eg vurderer å ta går. Eg får sjå kva dagen bringer.

Gratulerer med den store dagen🇧🇻🇧🇻🇧🇻Det virker som om italienere ikkje har fått med seg at det er Norges nasjonaldag, in...
17/05/2026

Gratulerer med den store dagen🇧🇻🇧🇻🇧🇻
Det virker som om italienere ikkje har fått med seg at det er Norges nasjonaldag, ingen har heist flagget eller pynta for anledningen 😉😉

Gårsdagen blei brukt i verdsarvbyen Alberobello med vandring mellom alle dei vakre trulli-husa.
Det går toglinjer til byen men på grunn av oppussing av stasjonen i Alberobello så blei det turens fyrste busstur frå Bari. Absolutt verdt det.

No er klokka 06.30 og eg sit på bussen på veg til nye eventyr.
Lykke til med den store dagen i Norge 🇧🇻🇧🇻🇧🇻

Eit knippe bilder frå to dager i Monopoli.
16/05/2026

Eit knippe bilder frå to dager i Monopoli.

15/05/2026


Se, hvilken morgenstund
Solen er rød og rund
Nina er gået i bad
Og jeg spiser ostemad
Livet er ikke det værste man har
Og om lidt er kaffen klar

Magiske Matera.Regn, regn, regn og pittelitt sol, men magisk.Litt knotete med å finne ut av togsystem til Matera frå Bar...
13/05/2026

Magiske Matera.
Regn, regn, regn og pittelitt sol, men magisk.

Litt knotete med å finne ut av togsystem til Matera frå Bari, måtte gå eit par kilometer før eg kom til riktig stasjon. Ruta er ikkje ein del av interrail så det må kjøpes egen billett, men absolutt verdt eit besøk.
Rettelse: toget gikk frå Bari hovedetasjen, berre eg som misforsto italiensk/"engelske" forklaring.

Sol og vind i trvelige Barletta.
12/05/2026

Sol og vind i trvelige Barletta.

Adresse

Bergen

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Arnsteins fotosider. legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Arnsteins fotosider.:

Del