Sivertstøl Film

Sivertstøl Film Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Sivertstøl Film, Fotograf, Røyset 7, Røyset.

Hei, eg ville berre sende ein varm takk til alle gode tilbakemeldingar Brit og eg har fått på vår nye TV serie Nasjonale...
14/02/2026

Hei, eg ville berre sende ein varm takk til alle gode tilbakemeldingar Brit og eg har fått på vår nye TV serie Nasjonale turistvegar.

Alle episodene ligg ute på NRK TV.

Eg ser det er mange som set pris på den ekte gleda til Brit.
For meg som fotograf/programskapar så er det så godt å sjå.
Det å vidareformidle hennar lyse energi og engasjement har heile tida vore heilt essensielt i prosjektet.

Brit finst ikkje sjølvhøgtidleg, og ønsker verkeleg ikkje kjendisstatus.
Ho er ein av oss, ein av folket.
Ikkje nok eit kjendisfjes..

Og her kjem eit bittelite innblikk i prosessen bak TV serien😉

Ho har vore på meg nokre gongar der ho ønsker litt mindre fokus på seg sjølv, hehe.
Men då seier eg at nei, vi treng deg Brit, vi treng eit nytt friskt pust med god energi og glede.
Ellers ute i verda er det mørkt nok, dessverre.

Dynamikken mellom det nære, ekte frå henne og det filmatiske uttrykket har alltid vore min plan med dette prosjektet.

Bildet er frå radiostudioet til Nitimen, der vi hadde ein fin prat om serien.
Takk til Nitimen som inviterte oss! Musikkønske med Pink Floyd fekk vi også, så då kunne det ikkje bli bedre😊

Ha ei gild helg!
(Psst: Brit og eg tek snart fatt på nye turar, eg gler meg vilt;)

31/01/2026

Rett etter besøket vårt hos Nitimen der vi prata om den nye TV serien vår😅

19/01/2026

Litt bilprat om TV serien Nasjonale turistvegar

09/01/2026

Tips gjerne andre om TV serien Nasjonale turistvegar i NRKTV appen😃

Tusen takk til alle som har vore med oss på tur så langt! Og ikkje minst tusen takk for alle dei fantastiske tilbakemeld...
06/01/2026

Tusen takk til alle som har vore med oss på tur så langt! Og ikkje minst tusen takk for alle dei fantastiske tilbakemeldingane vi har fått på TV serien vår❤️

05/01/2026

Treng du ferietips? Sjekk den nye TV serien vår «Nasjonale turistvegar» på NRKTV🎥

Hei, jula er over og vi ser framover mot sommaren. Og kanskje har du så smått tenkt på kvar du skal reise i sommar? Eg f...
04/01/2026

Hei, jula er over og vi ser framover mot sommaren.
Og kanskje har du så smått tenkt på kvar du skal reise i sommar?

Eg for min del har vore på biltur saman med Brit Polden. Vi har saman laga ein ny, frisk, feelgood TV serie.
Storslagen og kjendisfri.
Og det du ser er heilt ekte.

I tv serien får du forhåpentlegvis inspirasjon til kvar du skal reise i sommar.
Dette er Norge på sitt beste.

Frå mandag 5.januar finn du den i NRKTV appen. Linært blir den sendt mandagane kl 20.

Takk til NRK for at dei ville ha denne serien!

Takk til Brit Polden som ville vere med meg på tur! Utan henne hadde dette ikkje blitt realisert.

Takk til Møre & Romsdal Fylke for produksjonsstøtte.

Takk til Sylvia Strand og Jonathan Gregory for tittellåta.

Dette er ein idè eg har hatt sidan eg jobba med «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.»
Og etter så mange år er det fantastisk å endeleg få vist den på NRK.

Nasjonale turistvegar er produsert av Sivertstøl Film.

Takk til deg hvis du sjekker den ut. Og set stor pris på om du tipser andre om tv serien😊

Adresse

Røyset 7
Røyset
6082

Telefon

+4791619140

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sivertstøl Film legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sivertstøl Film:

Del

Type