Naturfotograf Espen B. Hollund

Naturfotograf Espen B. Hollund Sal av bilete på lerret, aluminiumsplate, pleksiglas eller skumplate. Ta kontakt for bestilling.

I går var eg så heldig å finna denne lappsporven. Dette, som tidlegare var ein karakterart på Hardangervidda, er ein sær...
10/04/2026

I går var eg så heldig å finna denne lappsporven. Dette, som tidlegare var ein karakterart på Hardangervidda, er ein særs sjeldan gjest på Bømlo, og det ligg berre føre seks tidlegare funn av arten. Diverre har arten hatt sterk tilbakegang i bestanden og på den nyaste raudlista har lappsporven status som sterkt truga (EN). Tala viser at den norske bestanden har stupt med over 50 % på berre ti år. For oss som bur på Vestlandet og brukar fjellet, er det kanskje ekstra urovekkjande å vita at i eit undersøkingsområde på Hardangervidda forsvann heile 85 % av hekkefuglane mellom 1980 og 2010.

Ekspertane er ikkje heilt sikre på kvifor dei forsvinn så fort, men klimaendringar i hekkeområda i fjellet eller dårleg tilgang på mat i overvintringsområda (i Russland og Asia) er trulege årsaker.

Desto meir stas er det å faktisk observera han her på kysten under trekket.

Dvergdykkar i ausregn 🌧️
30/03/2026

Dvergdykkar i ausregn 🌧️

Det har vore nokså stilt frå denne kanten det siste året, men det skuldast ikkje at eg har lege på latsida! Det siste år...
21/03/2026

Det har vore nokså stilt frå denne kanten det siste året, men det skuldast ikkje at eg har lege på latsida! Det siste året har nemleg tastaturet fått køyrt seg kanskje enno meir enn fotoapparatet. Eg har rett og slett vore djupt inne i fugleverda for å ro i land mitt første vesle bokprosjekt.

Endeleg kan eg presentera resultatet: Eit heilt nytt fuglehefte for Sunnhordland er her! 🦅🎉

Heftet er resultatet av eit initiativ som kom frå Geopark Sunnhordland. Det har vore ein enorm dugnad, og eg er utruleg stolt over det me har fått til. Eg har hatt gleda av å dykka ned i arkivet og levert både tekst og bilete for BirdLife Sunnhordland. I eit heilt strålande samarbeid med Sunnhordland Unesco Global Geopark og bømlobok.no har visjonen vorte røyndom. Finn Bakke frå bømlobok.no har stått for eit knallfint design og Geoparken har teke den økonomiske børa som føl med ein slik produksjon. Resultatet har vorte ein ualminneleg flott og visuell introduksjonsguide til den lokale fuglefaunaen vår.

Eg gler meg utruleg mykje til å få dette ut til dykk andre naturglade folk i distriktet! 🌿

Heftet blir mellom anna å få tak i på arrangement og turar i regi av BirdLife Sunnhordland. Har du lyst å sikra deg eit eksemplar allereie no når våren og fugletrekket er i gang? Send meg ei direktemelding, så ordnar me det! 🦆📸💬

Dagens største overrasking var denne trana som hadde seg ein liten rast på bakkane utanfor huset vårt.
12/02/2026

Dagens største overrasking var denne trana som hadde seg ein liten rast på bakkane utanfor huset vårt.

Laksanda rista av seg litt vatn i dag
01/02/2026

Laksanda rista av seg litt vatn i dag

Adresse

Bremnes

Telefon

+4799439149

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Naturfotograf Espen B. Hollund legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Naturfotograf Espen B. Hollund:

Snarveier

Del

Type