15/01/2026
❣️KURSET ER FULLT❣️For ein respons! Tusen takk 🙏🏼
Endeleg! Frå 3. februar startar eg eit heilt nytt yogakurs i Askvoll. 8 veker - 8 økter. Med forskningsbasert yoga, guida meditasjon og fellesskap gler eg meg skikkeleg til å dele denne stunda saman med dykk 💛
Eg har sjølv vore på ei reise der stress over tid sette seg i kroppen og gjorde meg sjuk. Det lærte meg kor viktig det er å lytte, roe ned og ta vare på seg sjølv før det går for langt. No ønskjer eg å bruke det eg har lært i kombinasjon med kunnskap som yogalærer, til å hjelpe andre med å få det litt betre i kvardagen 💛
Kurset kan passe for deg som ofte set andre først, som ønskjer meir ro i kroppen og mindre støy i hovudet, som er nysgjerrig på yoga og stressmestring, og som vil ha enkle verktøy som kan brukast i kvardagen.
Gjennom dei 8 øktene vil vi ha fokus på:
🌿 mjuke yogaøvingar
🌿 pust for å finne ro
🌿 guida avspenning og meditasjon
🌿 verktøy du kan bruke i kvardagen
🌿 ei varm blanding av klassisk yoga og ny kunnskap
Du treng ingen erfaring for å delta 💛Alle øvingane blir gjort ståande, sittande eller liggande på matta, og har du vonter eller utfordringar, hjelper eg deg gjerne med alternative øvingar.
🧘♀️ Når: Tysdagar kl. 19:00–20:15
📍 Kor: Askvoll Samfunnshus
📅 Periode: 3. februar – 24. mars (8 gongar)
💛 Pris:
8-vekers kurs: 1 590 kr (199 kr per økt)
Drop-in: 270 kr
Påmelding: 481 40 146
(info om betaling og kva du skal ha med får du ved påmelding)
Plassane er avgrensa for å ta vare på roen og stemninga. Send melding eller ring dersom du lurer på noko - også om du kjenner deg litt usikker, men nysgjerrig 💛